Bok
Lite overtydande
Boka til Ingeborg Solbrekken, Landssvik og profitt, er prega av karakteristikkar, spekulasjonar og utdeling av moralske dommar.
Etter kapitulasjonen 10. juni 1940 sette Administrasjonsrådet i verk ei friviljug arbeidsteneste for å halde hjula i gang i jordbruket og for å sysselsetje ungdommen. Samlingsstaden var Grünerløkka skule i Oslo.
Foto: NTB
Dei økonomiske sidene ved okkupasjonstida har lenge vore eit understudert tema i den rikhaldige litteraturen om andre verdskrigen i Noreg. Dette gjeld òg bankvesenet, tema for Ingeborg Solbrekkens nye bok Landssvik og profitt.
I så måte gjev omslaget eit underleg inntrykk, prega som det er av eit bilete av Gunnar Sønsteby på sentral plass, med Quisling og eit hakekors i utkantane. Lesaren kan difor lett tenkje at «jøss, var dette òg noko Sønsteby ‘kom borti’ i si tid?», sjølv om det i baksideteksten syner seg at Nr. 24 var blant dei som vart offer for at nazistane inndrog formuen deira.
Ein viss skepsis gjer seg likevel gjeldande. Den blir ikkje mindre av utsegner som at «Solbrekken stiller skarpe spørsmål», eller av at Noregs Bank og Nicolai Rygg (sentralbanksjef 1920–46) på innbretten blir karakteriserte som «en viktig og lojal medvirker i den økonomiske gjennomføringen av folkemordet» på dei norske jødane.
Faktisk er enkelte av påstandane forfattaren presenterer, såpass oppsiktsvekkjande at denne lesaren fann å måtte ettergå enkelte av dei i Noregs Banks krigsarkiv i Riksarkivet.
Evnar så Solbrekken å dokumentere påstandane ho presenterer, og svarer ho godt på dei «skarpe» spørsmåla ho stiller? På bakgrunn av sjølv raske arkivstudiar må eg nok seie at nei, ho gjer dessverre ikkje det.
Skurrar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.