Kunst

Moderne eventyr

Svenskane Nathalie Djurberg og Hans Berg har i ei årrekke bygd opp ei merkverdig verd akkompagnert av syntetisk musikk. I Galleri F15 kjem verka deira verkeleg til sin rett.

Den andre etasjen er mørklagd og gjenstandane dramatisk lyssette.
Publisert Sist oppdatert

Nathalie Djurberg lagar alle gjenstandane og filmane i utstillinga, medan Hans Berg står for musikken. Berg har komponert den suggererande elektroniske ­musikken som vert ein viktig del av opplevinga – og som bind det heile saman på nesten hypnotiserande vis.

Som i ein feberdraum står vi andlet til andlet med det skremmande og ubehagelege, som vert framstilt så smektande, så forlokkande at det er uråd å vende seg vekk, og med ein humoristisk vri som gjer at vi vert usikre på korleis det heile skal opplevast. Dette er eigenskapar som eigentleg er uråd å kombinere, men det er nettopp denne umoglege akrobatikken kunstnarduoen trivst i, og som har gjort dei kjende og etterspurde.

Heilskap

I Galleri F15 har dei overgått seg sjølve. Djurberg og Berg har teke i bruk begge etasjane og får arkitekturelementa i det vakre tidlegare herregardshuset til å spele med i eit heilskapleg kunstuttrykk. Her er skulpturar, musikk, animasjonsfilm, endåtil heile utstillingsarealet speler med i opplevinga. Alle dørene er bygde om for å harmonere uttrykket, så dei dannar bogne portalar mellom kvar sal. Romma vert bundne saman som kapittel i ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.

Medan den første etasjen er lys og lett i uttrykket, er andreetasjen hylla inn i eit innsmigrande mørker. Utstillinga fungerer faktisk aller best om ein først tek trappene opp.

Evig glede

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement
OSZAR »