Reportasje
Å gjere mindre for å gjere meir
Hagen Great Dixter i East Sussex er eit reisemål for hageentusiastar frå heile Storbritannia. Eg fekk vere med på den årlege dugnaden.
Blomeenga kring dei formklipte barlindene er kortklipte vinterstid. Alle foto: Sigrid Oldervoll
Om kvelden, etter å ha arbeidd i Great Dixter ein heil dag, skjøna eg at nokon i følgjet hadde deltatt på dette før. Dei visste at den siste plassen med sol om kvelden, det var komposthaugen.
Vel tolv stykke hadde klatra opp stigen og sat no og naut solnedgangen. Derifrå hadde dei utsyn over kjøkenhagen, over mellomalderhuset og løa med dei snodige pipehettene som blir brukte til å tørke humle. Dei såg alle dei forskjellige hageromma, skilde frå kvarandre med hekkar og murveggar.
Eg veddar på at dei kjende seg vel der oppe, med ein ølboks i handa, sitjande på toppen av rotninga. Hadde det vore plass til ein til, skulle eg ha klatra opp sjølv.
I ein hage på Laksevåg
Eg bur sjølv i ein gammal skogshage på tre mål på Laksevåg i Bergen der hjorten kjem ned frå Holefjellet. Han gneg på bambusen og skrapar borken av trea, men lét apeskrekktreet vere i fred. Hagen er nærast eit lite arboretum, eg har rododendron og liriodendron, eg har edelkastanje, fikentre, hassel og hjartetre, lerk og bartre eg aldri hadde sett før eg kom hit.
Det er visstnok meir enn 200 rododendronar i hagen, men eg har aldri talt. Borna har gitt namn til dei ulike stiane: Hovudvegen, Hjortetråkket, Fjellvegen og Nyvegen. Bak huset og langs Hjortetråkket har me nyss grave ut ein liten bekk som sildrar når det regner, og der har frosken alt lagt egg. Øvst oppmed huset lagar formklipte buksbom struktur rundt blomebeda, der det står syrinhortensia og sommarfuglbusk, planta saman med marikåpe, agurkurt, ringblom og dill.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.