Forsvar

Vil segle på europeisk kjøl

Å kjøpe fregattar frå USA ville vere eit katastrofalt mistak, meiner orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.

Fregattmodellen frå tyske Thyssen Krupp er ein av fire kandidatar for den norske marinen. Fregatten er ikkje ferdig utvikla enno, men kjem truleg til å sjå omtrent slik ut. Illustrasjon: Thyssen Krupp
Publisert Sist oppdatert

Noreg skal investere i minst fem nye fregattar som kan koste opptil 20 milliardar kroner stykket, inkludert våpen. I år skal det avgjerast kor skipa skal kome frå: USA, Storbritannia, Frankrike eller Tyskland.

Samtalen

Tor Ivar Strømmen er orlogskaptein og forskar

Aktuell: Fregattkjøp

Tor Ivar Strømmen er orlogskaptein og forskar ved Sjøkrigsskolen. Til Forsvarets Forum sa han nyleg at det ville vere «en katastrofe» å kjøpe amerikanske fregattar.

– Først: Treng vi eigentleg nye fregattar? Vi har jo framleis fire som flyt?

– Ja, det gjer vi. Dei vi har, er kring 20 år gamle, og skal segle i seks–sju år til. Da kjem dei til å ha teknologi som er nærare 30 år gammal, og som er heilt utdatert.

– Vi brukar ikkje 30 år gamle PC-ar heller?

– Nei. Utviklinga av forsvarsteknologi går svært fort, og desse fartøya vil ikkje lenger vere konkurransedyktige. Om vi skulle oppdatere dei for å vere relevante i framtida, ville kostnaden vere nesten like stor som å bygge nye.

– Kva treng vi fregattane til?

– Hovudføremålet med sjømakt er å kontrollere kva som kan førast fram og leverast over havet. I krig skal fregattane sikre at Noreg og Norden kan få inn forsterkingar og forsyningar utanfrå. Både i krig og i fredstid skal dei avgrense operasjonsfridomen til fiendtlege ubåtar, til dels langt til havs. I tillegg er Noreg ein stor aktør i skipsfart, og fregattane kan bidra til å sikre norske interesser globalt.

Politisk vilje

– Dei fregattane vi har no, skulle få helikopter for å overvake russiske ubåtar. Men innkjøpet av NH90-maskinene vart ein skandale, og fregattane har gått det meste av levetida si utan helikopter. Var ikkje ubåtjakta så viktig likevel?

– Trusselen frå russiske ubåtar var og er reell og alvorleg. Det som mangla, var politisk vilje til å prioriterte å få helikoptera operative. Noreg mangla ikkje økonomisk evne, men dømekraft og strategisk prioritering.

– Det vart ikkje akkurat brukt lite pengar på NH90-helikoptera heller før kjøpet vart heva, da.

– Nei, det var dyre flytimar, for å seie det slik.

– Vi skal kjøpe fregattar frå eit land som «normalt opererer maritime styrkar saman med Noreg», heiter det. Kven seglar den norske marinen mest saman med?

– Tradisjonelt har det vore mykje med USA og Nederland. Dei siste åra har vi segla meir saman med britane, og fregattane har deployert saman med britiske hangarskip i staden for amerikanske.

Fregattilbod

– Om du berre ser på militær slagkraft og kapasitet, kva for eit fregattilbod er best?

– Det kjem an på kva slags krigføringsområde det er tale om. Om det er kamp mot ubåtar, er det britiske tilbodet best, tett følgt av det franske. Om det gjeld luftvern, er dei amerikanske og tyske tilboda best, det franske bra og det britiske klart svakare. Om det gjeld overflatekrig, er det ikkje så store skilnader på dei fire.

– Men du er heilt klar på at vi ikkje bør velje amerikanske fregattar, mellom anna fordi det er fare for at dei aldri blir bygde?

– USA slit med fregattprosjektet, som har ei låg stjerne hos marinen og styresmaktene. Prosjektet er tre år forseinka, dei har redesigna konseptet fullstendig undervegs, og vi veit ikkje korleis det blir til slutt. Det same gjeld det tyske tilbodet. Dei nye franske fregattane seglar derimot alt, og britane er snart seglingsklare med sin første.

– Men vi veit at dei amerikanske skipa kjem til å trenge eit større mannskap enn dei andre?

– Mykje større. Dei franske fregattane klarer seg med mannskap på 110, dei britiske med 120, medan dei amerikanske truleg skal ha eit mannskap på 220. Sjølv om vi skjer til beinet, treng dei truleg 160 for å operere effektivt også her.

– Og vi er så få her i landet.

– Vi er det. Vi slit veldig alt i dag med å rekruttere, utdanne og behalde mannskapa våre for å halde fartøya operative. Og det blir ikkje betre når vi skal auke bemanninga i heile Forsvaret. Dette åleine er nok til å eliminere det amerikanske alternativet.

Kan bidra til overvaking

– Så er det politikken. Det har lenge vore eit argument for å kjøpe dyre våpen frå USA at det styrker relasjonen til vår store allierte. Det argumentet er svekt?

– Det har aldri vore særleg godt heller. Det som gjer USA interessert i Noreg, er at vi kan bidra til overvakinga av dei russiske ubåtane i nordflåten, som har nok atomvåpen til å kunne utslette USA. Så lenge amerikanarane ser på Russland som ein trussel eller konkurrent, vil dei vere interesserte i Noreg, fordi landet ligg der det ligg. Kva våpen vi kjøper, er ikkje viktig for interessa deira.

– Norske orlogskapteinar er sjeldan samde med Raudt og SV om forsvarspolitikk. Men du er på line med Bjørnar Moxness og Ingrid Fiskaa her: Vi bør ikkje gjere oss enda meir avhengige av USA?

– Ja. Kjøper vi frå eit av dei europeiske landa, blir vi likeverdige partnerar og får langt meir påverknad på det vi kjøper. Kjøper vi frå USA, blir vi ein kunde, og er prisgjevne det US Navy ønsker. Det kan òg vere fare for å bli nekta oppgraderingar eller innsyn i kjeldekode om vi kjøper amerikansk, og høvet til nasjonal tilpassing blir mindre.

– Det ville vere ein katastrofe å velje amerikansk, sa du til Forsvarets Forum?

– Det står eg ved. Vel vi amerikansk, er det fare for at vi ikkje kan operere fregattane fordi vi manglar mannskap. Vi blir òg heilt avhengige av nykkane til den som sit i Det kvite huset, og får fregattar dårleg tilpassa oppgåvene dei skal løyse i krig.

– Høgre, Frp og KrF peikar på at USA er vår sterkaste allierte, og meiner at det er eit argument for å kjøpe amerikanske fregattar?

– Det er rett at USA er vår viktigaste allierte enn så lenge. Men eg trur det kjem ein massiv auke i den militære kapasiteten til Europa dei neste åra. Og vi har langt fleire felles interesser med andre europeiske land enn vi har med USA.

– «Norges forhold til USA stikker mye dypere enn hvem som er sittende president», sa forsvarspolitisk talsmann Morten Wold i Frp til Nettavisen nyleg?

– Det er i og for seg rett. Men i USA er det berre ein einaste mann som avgjer kor amerikansk militærmakt skal settast inn. Da er vi faktisk avhengige av den som sit i Det kvite huset. Det er ikkje gjeve at vi får ein retur til «normalen».

– Argumenta held ikkje

– Steinar Paulsen, tidlegare kommandørkaptein, hevda i Teknisk Ukeblad at det amerikanske alternativet er det klart beste. Kva ser han som du ikkje ser?

– Han har som utgangspunkt at fregattane blir kjøpte berre for å jakte på ubåtar langt ute i Norskehavet. Han meiner òg at dei våpensystema USA kan levere, er klart meir slagkraftige enn dei europeiske alternativa. Men ingen av dei argumenta held.

– Vard-gruppa vil òg at vi skal kjøpe amerikansk, for da kan dei få bygge fregattane ved verftet i Tomrefjord. Er ikkje det eit godt argument?

– Både tyskarane og britane har kontakt med norske verft, og franskmennene er tungt involverte med Kongsberg og Nammo. Same kva fregatt vi vel, blir det eit omfattande industrisamarbeid med norske selskap. Å lage skroget er uansett nokså enkelt. Det er til våpenkontrollsystem, sensorar og slikt dei store pengane går, og det arbeidet kan ikkje Vard gjere.

OSZAR »