Kommentar

Skal vi brenne mat for å berge klimaet?

Biodrivstoff har store negative følgjer, både for samfunn, natur og klima.

Dersom du kjøper flybillett med SAS, tilbyr selskapet deg å betale litt ekstra, slik at dei kan erstatte noko av bensinen med biodrivstoff.
Publisert Sist oppdatert

Av alt vi gjer som enkeltindivid, er det flyreiser som fører til dei største utsleppa. Mykje transport kan gjerast elektrisk, men fly er det særs vanskeleg å elektrifisere. Energien i eit batteri på 1 kg er berre 2–3 prosent av energien i 1 kg bensin, og batteria som skal drive eit elfly, blir svært tunge. Men er det noko anna vi kan gjere for å kompensere for utsleppa frå flyreisene våre?

Dersom du kjøper flybillett med SAS, tilbyr selskapet deg å betale litt ekstra, slik at dei kan erstatte noko av bensinen med biodrivstoff. SAS opplyser at om lag 1 prosent av drivstoffet dei nyttar, er biodrivstoff, som dei kjøper fordi passasjerane betaler inn friviljug. Selskapet seier òg at inntil helvta av drivstoffet kan vere biodrivstoff, om berre folk betaler inn.

Kort fortalt er biodrivstoff laga av råstoff frå planter eller dyr. Desse inneheld dei same grunnstoffa som petroleum, hydrogen og karbon, og kan brennast på same måte. Energitettleiken er nesten like god som i bensin. Når biodrivstoff brenn, blir det frigjort energi, og på same vis som for bensin bind karbonet seg til oksygen og dannar CO2. Skilnaden i høve til bensin er at karbonet i biodrivstoff er del av eit kort karbonkrinsløp. CO2-utsleppa frå bruk av biodrivstoff blir dermed oftast ikkje rekna som klimagassutslepp.

Krav til innblanding av biodrivstoff

Då regjeringa presenterte klimameldinga si rett før påske, varsla ho høge og aukande krav til innblanding av biodrivstoff for mange sektorar. Bensin og diesel til personbilane har hatt slike krav lenge, og dei skal vidare opp. Anleggsmaskinar, traktorar og skip får også slike innblandingskrav, og dei skal auke i åra som kjem. EU planlegg at flyselskapa blir pålagde innblanding av 15 prosent biodrivstoff i 2035.

Dei fleste reguleringar har ei stor ulempe. Utsleppa frå fossilt drivstoff er pålagde avgifter. Når klimagassutslepp er underlagde ein lik pris, gjer det at kostnaden ved utslepp er den same i ulike sektorar, anten det er stålproduksjon, pløying eller ein sydentur. Lik pris gjer at utsleppa blir nytta der dei skapar flest gode for samfunnet. Krav om innblanding av biodrivstoff kortsluttar denne mekanismen, ved at prisen på utslepp i realiteten blir høgare i sektorar som får slike krav.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement
OSZAR »